EID BETONG AS sin logo

EID BETONG AS

Kvalitet du kan lite på!




Vi leverar betong i heile Nordfjord og på delar av Sunnmøre.
Vi har ferdigbetong i alle kvalitetar til ein rimeleg pris.


  • B20 betong
  • B30 betong
  • Gulvbetong
  • B35 betong
  • B45 betong
  • Pumpe med 24-28 meter rekkevidde
  • Andre leveringsmåtar


Svært gode prisar på levering av betong til Nordfjordeid, Stårheim, Lote, Bjørkedalen, Harpefossen, Kjølsdalen, Heggjabygda, Hennebygda, Straumshamn, Bryggja, Folkestad, Torheim, Åheim, Sandane, Hornindal, Isane, Måløy, Dalsfjorden, Ålfoten, Davik, Harevadet, Stryn, Austefjorden, Steinsvik, Svelgen, Rugsund, Leirgulen, Loen, Volda, Selje, Syvde, Olden, Bremanger, Oppstryn, Hellesylt, Grotli, med meir.


Som ein av dei beste på betong i Nordfjord og omegn, er vi kjende for å jobbe like godt med alle kundetypar. Anten det er handverkarar, private eller entreprenørar.

Kvalitet, service og pris er sjølve fundamentet i bedrifta. Vi har god kapasitet, og blandar betong av alle typar. Vi har som mål og alltid finne den beste vegen til fornøgde kundar.


Vår suksess er basert på di oppleving.

Betong i alle kvalitetar!


Eigenskapane til betongen vert bestemt av ei rekke kriterier som fastleik, tettleik, konsistens, motstandsdyktigheit og anna miljøpåverknad, m.m. Vi tek på det jamne stikkprøver av vår produksjon for å dokumentere og teste betongen vi leverar. Betongprøvene vert testa for fastheit, temperatur, densitet, luftinnhald og synk.


Fastleiken målar vi ved å støype terningar på 100x100x100 mm. Terningane vert oppbevart i 28 dagar i vassbad på 20ºC, før dei vert plassert i ei presse som målar på kva trykk betongen bristar. Dei øvrige prøvene vert gjennomført medan betongen er fersk.


Produksjon av ferdigbetong er regulert gjennom standarden NS-206-1. Betongen får namn i forhald til eigenskapar som til dømes fastleik. B30 er den vanlegaste klassen og skal tole eit trykk tilsvarande 30 tonn

Teikning av mann med hjelm

FÅ EIT GODT TILBOD

 
 
 
 
 

LEVERINGSMETODAR


Det er stor forskjel på betongbilar og utstyr. Vi kan levere på fleire måtar. Ta kontakt så kjem vi fram til kva metode som passar best for deg og ditt prosjekt.

Bilete av betongbil med vanleg renne

VANLEG BETONGBIL


Ved ei enkel levering, til dømes leveranse rett i forskaling, tobb eller trillebår. Dette er den raskaste måten å få betong levert frå betongbil utan bruk av leveringsutstyr.




Les meir




Bilete av betongbil med hydraulisk renne

HYDRAULISK RENNE


Ein betongbil med hydraulisk renne er eit godt og ofte rimelegare alternativ til betongpumpe. Renna er utskytbar inntil 9 meter og er svingbar nesten 180 grader i tillegg til at ein kan justere den opp og ned.



Les meir



Kontrollrådet sin logo
Bilete av levering med pumpe på byggeplass

BETONGPUMPE


Våre betongpumper har ei rekkevidde på 24 - 28 meter. I tillegg kan ein skøyte med rør og/eller slangar. Eit fleksibelt og ofte kostnadseffektivt verktøy 




Les meir


VÅR SAMARBEIDSPARTNER

AS NORSAND sin logo

AS Norsand er samarbeidspartner og medeigar i Eid Betong AS. Dei produserar ei rekke massetypar av sprengstein samt naturlege sandførekomstar.