EID BETONG AS sin logo

BILAR OG UTSTYR

VANLEG BETONGBIL


Betongbil er den raskaste og mest økonomiske leveringsmetoden

Ved ei enkel levering, til dømes leveranse rett i forskaling, tobb eller trillebår. Dette er den raskaste måten å få betong levert frå betongbil utan bruk av leveringsutstyr.



  • Utløpet på renna er ca. 1,50-1,80m over bakken og kan justerast, men strekk seg ikkje lengre enn ca. 1 meter bak bilen.


  • Våre bilar har også skøyterenner ein kan hekte av og på, slik vi rekk eit par meter ekstra.


  • Biltypen egnar seg til levering med “direkte tipp” bak betongbil

    eller til leveranse i pumpe og sprøyterigg.

HYDRAULISK RENNE


Ein betongbil med hydraulisk renne har ei rekkevidde på inntil 9 meter. Teleskoprenna er svingbar nesten 180 grader bak bilen, og kan derfor levere ca. 90 grader vinkelrett ut frå bilen på kvar side.Den kan justerast opp og ned etter behov så lenge ein har fall. Eit godt alternativ til støyping av gulv i garasjer og liknande.

  • Renna er avhengig av godt fall slik betongen flyt nedover, og maksimal leveringshøgde er omtrent 1,70-1,90m over bakken. Dette avhenger av grunnforhald og oppstilling av bil.


  • Hydraulisk renne eignar seg godt til levering av garasjegulv, plater og i låge forskalingar, men er eit fleksibelt verktøy som også kan brukast til andre oppdrag

BIL MED BETONGPUMPE


Våre betongpumper har ei rekkevidde på 24 og 28 meter. I tillegg kan ein skøyte med rør og/eller slangar. Slik kan rekkevidda auke med inntil 50 meter. Ved bestilling bør kunde opplyse om eventuelle behov for ekstra rør/slangar.


Pumpemiksaren treng eit stabilt underlag og plass rundt bilen til støttebein. 

  • Våre betongpumper kan ta med seg inntil 4-5 kubikk, for større leveransar leverar vi i pumpa med vanleg betongbil.


  • Vi har 3- og 4-ledda pumper på 24 og 28 meter, som i kombinasjon med slangar inntil 50 meter kjem til nesten overalt. Inne som ute.


  • Kostnaden for betongpumping er i utgangspunktet noko høgare enn for vanleg bil. Likevel vert totalkostnaden ofte den same sidan ein kan levere raskare og meir effektivt.



KONTAKT OSS FOR EIT UFORPLIKTANDE PRISTILBOD PÅ DITT PROSJEKT